Agnes Eriksen og Eira Söderholm får Kvensk språkpris – Kieliraajin kielipalkinto for sin innsats for å fremme, utvikle og bevare kvensk språk. Det er første gang prisen deles ut. Juryen har bestemt å dele prisen mellom to verdige vinnere som på ulikt vis har gjort en særlig innsats for kvensk over lang tid.

Det er Språkrådet som deler ut prisen. Prisen deles ut til enkeltpersoner, grupper, organisasjoner eller institusjoner som har utmerket seg gjennom betydningsfull innsats for kvensk. Prisen vil deles ut annethvert år på den kvenske språkdagen 26. april. Prisen er på 25 000 kroner og skal deles mellom de to vinnerne.

Egil Sundelin (leder), Anna-Kaisa Räisänen og Øystein Vangsnes sitter i juryen for Kvensk språkpris – Kieliraajin kielipalkinto. Juryen skriver dette om prisvinnerne:

«Juryen har bestemt å dele prisen mellom to verdige vinnarar som på ulikt vis har gjort ein særleg innsats for kvensk over lang tid. Den eine kandidaten har gjennom sitt arbeid som forfattar og utviklar av læremiddel gjort eit grunnleggjande arbeid for at det i dag er mogleg å undervise i og på kvensk i grunnskulen. Mykje av produksjonen hennar er praktisk orientert. Gjennom fleire barnebøker – både samling av rim og regler og eigne forteljingar – har ho bidratt til at også barn kan fatte interesse for det kvenske språket.

Den andre kandidaten har gjort eit omfattande og grunnleggjande arbeid med kvensk frå ein fagleg og vitskapeleg ståstad. Hennar arbeid er av avgjerande betydning for etableringa av kvensk som skriftspråk. Over fleire tiår har ho dokumentert kvenske stadnamn og talemål frå heile det kvenske språkområdet, og ho har vore aktivt involvert i det kvenske språkplanleggingsarbeidet. Ho har også vore ei viktig drivkraft for å etablere studium av kvensk på universitets- og høgskulenivå. I 2014 gav ho ut grammatikken Kainun kielen grammatikki, som inneheld opplysningar om alle dei tre kvenske hovuddialektane. Vinnarane av Kvensk språkpris 2017 er Agnes Eriksen og Eira Söderholm.»

– Grammatikk og læremidler er avgjørende redskaper i arbeidet med å styrke kvensk språk. Derfor er det en glede for Språkrådet å dele ut Kvensk språkpris 2017 til Agnes Eriksen og Eira Söderholm, sier Språkrådets styreleder Guri Melby.