Johan Edvard Dalheim på sine eldre dager. (Foto: Privat)

 

Del to: Les mer om kvenen Johan Edvard Dalheim (1897–1981), portrettert av Reidun Mellem.

 

Reidun Mellem. (Foto: Privat)

Han far slutta på skolen då han var 14 år. Då blei det meir tid til heimefiske. Fangsten blei hengt på hjell og selt som tørrfisk. Far var nok dyktig i båten, for no var det at han bestefar sendte han til markedet på Skibotn for å selge ein kuskrott. Det var sterk vind og store bølgjer utover fjorden, men ungguten segla som ein kar. Eldstesøstera Marianne var med for å besøke markedet, og her var ho så redd at ho gråt. Men fram kom dei i god behold, kjøttet blei selt til ein markedshandlar, og guten kom heim til far sin med alle pengane. Det var ikkje snakk om å sløse bort ei einaste krone på markedshandel.

Se her for del 1 av portrettet

Då han far nærma seg 20 år så blei han innkalt til eksersis på Setermoen. Der fann dei ut at han var sterk og frisk på alle måtar, med utmerkt syn og hørsel, så han blei registrert som «stridande A». Denne tjenesta hadde han to somrar på rad. Soldatane fikk ei lita lønn mens dei var inne, og då hendte det at dei gikk på kafeen ved Setervatnet for å skaffe seg noe godt: sviskegraut med fløyte og sukker! Den retten sette han alltid pris på å få etter søndagsmiddagen.

Om vinteren – i perioden fra januar til påske – var han med som mannskap på Lofot- fisket. Det fantes mange skøyter i Storfjorden, så dyktige ungdommar kunne lett få seg arbeid og fortjeneste der. Men det hendte også at fisket slo feil enkelte år – slik at det kunne bli det dei kalte for «bomtur». Også det måtte dei svelge, for det fantes inga forsikring mot slikt. På den tida var det enno noen av dei eldste karane som ikkje hadde lært å skrive skikkelig, så han far var mye brukt som skrivar for dei som trengte slik hjelp for å få sendt heim eit Lofot-brev.

Med russisk krigsutstyr gjennom Skibotndalen

Under første verdskrigen, i åra 1916 til 1918, greidde engelskmennene å få til ein transport av krigsutstyr til Russland – over nøytralt norsk område! Dette har eg fortalt om i boka «Med russisk krigsutstyr gjennom Skibotndalen». Dei tyske ubåtane rådde då grunnen både i Østersjøen og i Nordsjøen, så denne hjelpa var vanskelig å få fram. Flytransporten var enno bare i startfasen. Og hjelpa måtte fram. Så greidde dei det utrulige – å få til heile to transportvegar inn til russiskeigde Finland: ein fra Kirkenes og ein fra Skibotn i Lyngen. Den 1. mars 1916 sig det første store lasteskipet innover Lyngen og ankrar opp ute på hamna der – dampskipet «Hector» fra Bergenske Dampskipsselskap. Å komme inn til den lille kaia var umulig. Skipet blei lossa ved hjelp av store prammer, og så gikk om lag 200 norske hestekjøretøy – og trulig nesten like mange finske – i gang med å frakte godset oppover Skibotndalen og like fram til Silas på finsk side. Her overtok finnane ansvaret nedover til nærmaste jernbanestasjon Karunki, tilsammen 45 mil over vinterviddene, oppdelt i ti etappar med hestestallar, hus og mat til både folk og dyr på alle desse stasjonane, klargjorte før transporten starta opp. Litt av ein bragd, bare det! Bergenske Dampskipsselskap stod for transporten til sjøs – Aktiebolaget Karl Bostrøm fra Hangø og Torneå i Finland hadde ansvaret for alt mellom Skibotn og Karunki. På Skibotn kalte dei denne perioden for «bolagstida». Dei første lassa nådde Karunki den 1. april, så opplegget virka, men noe saktare enn dei hadde rekna med.

I denne transporten deltok både han bestefar, han far og broren Olaf, og søstera Petra hadde kafe på Lulle. Far var kjørekar med hesten deires, ho Brona, og frakta utallige lass oppover dalen, lange strekningar etter elveisen og så ei lang og tung stigning opp mot fjellplatået. Betalinga dei fikk var 6 øre pr. kg, og sidan eit lass vanligvis vog 4-500 kg, så blei det ca. 30 kr. pr. tur. Ein slik tur tok tre dagar tur/retur – med overnatting og stallplass på Helligskogen fjellstue, som var blitt bygd omkring 1848. Oppe på Silas var det tømming av lass og så retur neste dag. Turen tilbake til Skibotn gikk fort og greitt – med tom slede og omtrent bare unnabakkar. Språket dei brukte var finsk og deires eigen heimekvensk, og der hadde Nord-Troms-folket ingen problem. Hestar og arbeidsfolk kom fra Kvænangen i nord til Herjangen i sør, og her kunne dei tjene langt betre enn det som var vanlig på ein Lofotsesong. På Skibotn var dei flinke til å skaffe både mat og soveplass for folk og for dyr, for der hadde det i lange tider vore store handelsmarknader inntil tre gonger i året. No var det også bygd ei stor mengde med både brakker og stallar der. Sjefane og kontorpersonalet bodde på hotellet hennes Karina.

Men vinteren 1918 tok det heile ei anna vending. Den 6. desember i 1917 hadde Finland – i samband med den russiske revolusjonen – utropt seg å vere ein fri nasjon, og den borgarlige sida med general Mannerheim i spissen hadde overtaket, mens andre grupper heller ville følgje kommunistane, dei «raude». England prøvde i all hast å berge godset fra å bli tatt av dei kommunistvennlige gruppene, så no blei lassa forsøkt kjørt fra Silas tilbake til Skibotn. På grunn av dei urolige tidene i Finland kunne firmaet Karl Bostrøm ikkje lenger ha ansvaret her. Dei som no hadde overtatt var eit aksjeselskap omkring Richard Bjørnstad fra BDS. Men natta til 28. februar 1918 blei Silas omringa av finske soldatar som hadde stilt opp maskingevær på fleire kantar. Dei tvinga kjørekarane til å sette hestane framføre dei full-lasta sledane og snu heile rekka med 130 hestar ned mot sør, for det som fantes på sledane var finsk krigsbytte, sa dei. Far min var der oppe med Brona den natta, og dei fleste kjørekarane prøvde å gjøre lassa litt lettare ved å velte noen tunge kolli ned i snøen, for dei skjønte at hestane no skulle lang veg gjennom audemarka, med bare eit par karar til å ta seg av dei.

Det var borti 150 nordmenn der oppe akkurat då, men ingen hadde våpen. Likevel hadde dei planar om å samle seg og så slå ned overfallsmennene. Men då fikk dei høre at eit slikt forsøk ville føre til at dei alle blei jaga ut på isen på Kilpisjärvi og skotne ned der. Akkurat då var det ei svært opphissa stemning der, fortalte han far. Dei fikk så ordre om å starte tilbaketuren til fots, og dei blei følgde til grensa av vepna soldatar. Så var det å traske dei 5 mila nedover til Skibotn, i første omgang med overnatting på Helligskogen fjellstue. Transportfirmaet og myndigheitene våre gikk straks ut og kravde erstatning for hestane og sledane frå den finske staten. Transportfirmaet lånte pengar i bank og betalte sjølv ut erstatning til dei som hadde mista hestar og utstyr. Fra Finland hørte dei lite, men fra generalstabssjef Thesløf gikk eit telegram til områdesjefen i Torneå, der han slo fast dette: «Skadan ersättas!» Dette skulle seinare bli eit viktig dokument i forhandlingane mellom dei to landa.

Tre veker seinare kom hestane tilbake. Brona var med i første pulje. Hestane hadde fått dårlig stell. Noen av dei måtte skytes, andre greidde å komme seg etter ei tid. Brona hadde mist skorne på begge framføtene, men den finske kusken hadde fortalt han far at ho var så klok at når dei drog over islagt vatn, så stilte ho seg med framføttene på sleden framføre seg og slapp derfor å skade seg på det glatte underlaget. Men fra Finland hørtes lite og ingenting. Den venta erstatninga drog ut i langdrag. Først i 1926 kom det eit tilbud om utbetaling – først etter at Norge hadde bestemt seg for å fremme saka for Den Internasjonale Domstolen i Haag. Summen dei tilbaud var mindre enn kravet, men myndigheitene våre var eigentlig usikre på om alt var gjort på lovlig måte under denne transporten, då 8000 tonn krigsutstyr var blitt frakta over nøytralt norsk område gjennom Skibotn-dalen inn i Finland – og derfra til dels forsøkt henta tilbake igjen. No godtok dei bare tilbodet, og dermed var denne saka ute av verda. Men han far fortalde ofte spennande historier om det han hadde opplevd i jobben her, og slik kom nok starten på den boka eg seinare skreiv om denne transporten.

Portrettet fortsetter neste gang…