Foto: Vibeke Danielsen/Altaposten

 

 

Reidun Mellem

 

 

Kvensang

 

Vi kom ifra tusensjø-landet
og fann våre stiar mot nord.
Vi gikk over moar og myrer
i tette, tungt nedtrakka spor.
Vi kryssa dei milvide skogar,
fann kvile ved grantreas rot,
men viljen baud foten ta stega
til målet vi vandra imot.

 

Langt oppe låg Ruija i lysglans
med framtid, med arbeid og mat.
Med sterke og villige hender
stod kvenfolket alltid parat
i skogen, i gruva, i båten –
med jordbruket kunne vi mest.
No gjødsling og grøfting blei måten,
då vaks også åkrane best.

 

Vårt livshåp vi søkte ved havet,
ny heimplass det her måtte bli.
Med kunnskap og handlag og vilje
vårt livsverk vi her skulle smi.
No langdryge dagar av arbeid
blei kravet til kvinne og mann.
Til helg hørte Ordet og bønnen,
forsamlingas omsorg vi fann.

 

Stor arv bar vi med oss til landet:
vårt sterke og klangfulle språk,
vår innsikt i sagn og historie,
med læsing som hjelp utan ståk.
Her kantele-strengane tona,
her fedranes salmar fann klang.
Læstadius-ordan bar vona
om Gudsrikets evige sang.