Gunnhild Skjold i Norsk Målungdom. (Foto: Privat)

 

I anledning Kvensk språkdag søndag 26. april, sendte Gunnhild Skjold oss et leserinnlegg hvor hun ikke bare nøyer seg med å rope hurra for det kvenske språket, lederen for Norjan Kielinuoret ber også regjeringa ta et større ansvar. Blant annet ved å heve kvensk til nivå tre.

 

I år er det 15 år sidan kvensk blei anerkjent som eit eige språk, og Kvääninuoret har invitert til markeringa av ei kvensk språkveke. Vi i Norjan Kielinuoret/Norsk Målungdom ropar hurra for det kvenske språket og gratulerer med jubileet.

Dessverre er det ikkje berre ting å feire, og vi vil gjerne vere med på å gjere det vi kan for å ta vare på og styrke det norske språkmangfaldet. Vi meiner at regjeringa må ta eit større ansvar for kvensk språk, og krev at kvensk blir heva til nivå 3 av den europeiske minoritetsspråkpakta.

Kvensk treng og fortener vern på lik linje med det samisk har i dag, og regjeringa i Noreg har eit ansvar for å ta vare på utsette minoritetsspråk. Ei heving av nivået vil gjere at også del 3 av pakta gjeld for kvensk, noko som vil gi det kvenske språket betre rammer for bruk.  Vi håpar dette vil gjere det lettare for fleire å lære og nytte kvensk.

For at fleire skal få sjansen til å lære kvensk, må opplæringa bli betre. Vi veit at det er mangel på kvensklærarar og læremiddel på kvensk. For å bøte på dette må støtta til kvensk lærarutdanning halde fram og regjeringa må løyve pengar til læremiddelutvikling. Dei kvenske språksentra er også viktige aktørar for å vareta det kvenske språket, og regjeringa må både støtte dei som finst og løyve pengar til opprettinga av enda fleire. Viktigast er det at regjeringa samarbeider godt med kvenskbrukarane sjølv om å finne fleire og gode tiltak for å revitalisere det kvenske språket.

Det norske språkmangfaldet er ei glede og ein ressurs for alle som bur i landet, og det er noko vi må ta vare på og vere stolte av. Det kvenske språket er ein sjølvsagt del av dette mangfaldet. Vi ønsker til lykke med jubileet, og håpar dei neste 15 åra blir enda betre. Vi vil halde fram å stå skulder mot skulder og krevje at regjeringa tar ansvaret sitt: Dei må heve kvensk til nivå 3 og gjere enda meir for å styrke språket.

 

Gunnhild Skjold
Leder for Norsk Målungdom