I en fjernsynsoverført gudstjeneste i oktober feiret kirken sin nye biskop Olav Fykse Tveit. Han svarte med å si at vi er en nasjon med to folk. Det fikk artikkelforfatter Reidun Mellem til å reagere. (Foto: Skjermbilde NRK)

 

Reidun Mellem har i et åpent brev til Sannhets- og forsoningskommisjonen tatt for seg en festgudstjeneste i nasjonalhelligdommen Nidarosdomen. «Nytt spark til kvenfolket» har hun kalt innlegget.

 

Søndag 11. oktober dette år blei festgudstjenesta i Nidarosdomen overført i NRK-TV. Slik kunne alle interesserte følgje med i det storstilte opplegget – som markerte avslutninga av møta i Norsk kjerkeråd – med dei som skal ta over styringa i kjerka for dei neste 4 åra. Alle biskopane i landet og alle bispedømmeråda var tilstades der, i tillegg til inviterte gjestar elles. Samtidig var det også ei markering til ære for kjerka sin nyvalde preses, Olav Fykse Tveit, som slik kunne få ei lands-omfattande velkomsthelsing i høve leiarstillinga si.

Her kan du se NRK’s opptak av festgudstjenesten, holdt i anledning Kirkemøtet 2020 (formuleringen som Mellem særlig reagerer på, kan du se ved 43’05)

Det store mylderet av flotte festdrakter sette farge på forsamlinga – fra dei fine bispekåpene til dei mange bunadane og folkedraktene som var representerte her. Men samlinga var ikkje komplett. Det var noe som mangla: den vakre kvendrakta. Organisatørane hadde vel ikkje funne det viktig nok å ta med ein representant for kvenfolket – som så langt eg veit totalt manglar stillingar innafor kjerka. Likevel ville vel leiaren for landsstyret i Norske Kveners Forbund ha vore ein sentral representant å ta med. Eg ville trudd at i allefall representantane for Nord-Hålogaland bispedømme, som har fått eit særlig ansvar her, kunne ha påmint festkomiteen om at også kvenane måtte ha ein representant med i denne store og landsomfattande kjerkefesten, men eg skjønner jo at heller ikkje dei hugsa på dette. Og kjerkerådsleiaren sine ord om ansvaret for å opne kjerka for alle som ønsker å høre til i den – det hang derfor ikkje på greip når det gjeld kvenane. Det var noe alle i forsamlinga måtte vite.

Og kva verre var: I preika si erklærte preses at landet vårt er bygd på territoriet til to folk – samar og nordmenn! Men kva då med kvenfolket, som i stort antall har bodd her og har vore med på å bygge opp landsdelen vår gjennom langt meir enn 500 år! Svever vi kanskje i lufta mellom himmel og jord – utan minste flekk av eige territorium? Er det kanskje det som er kjerka sitt syn her? Eg minnes fra min barndom at enkelte fjøsi bygda var så trange at dei ikkje hadde eigen plass for høneflokken sin. Men då fikk dei i allefall spikra opp ei stang i eit hjørne av fjøsrommet – ei vagle – å sitte på. Det kunne vel høve bra for slike som må sveve mellom himmel og jord – å ha ein liten sitteplass i ei krå og elles teie still.

Nei, kvenane skal ikkje vere med, slik som befolkninga elles – inkludert samane. Sjøl i dag, omlag 30 år etter norsk underteikning av Europarådets to rammekonvensjonar om vern av dei gamle nasjonale minoritetane og språka deires, så er kvenfolket stort sett utestengde av både statsmakt og kjerkemakt. At også vi har krav på dei rettigheitene som er sjølvsagte for beboarar av siviliserte nasjonar, det treng ein visst ikkje å ta på alvor. Kjerkerådet har ikkje ønska å inkludere kvenane. Saka vår blei 19. 04. 19 sendt avgarde fra dei til biskopen i Nord-Hålogaland, med pålegg om at det no var dei som skulle ta seg av opplegget for kvensk kjerkeliv. Der er ei lita planleggingsgruppe ganske nettopp utnemnt for å ta seg av heile denne saka. Så kan tida bare gå. Kjerkerådet har offisielt fått frigjort seg fra dette ansvaret. For no skal denne gruppa, der også kvenske representantar er med – ta seg av dette – så godt dei kan. Sikkert med alle gode ønske fra Kjerkerådet – om dei noen gong skulle komme til å hugse på denne fjerne folkegruppa. Men ein ting er sikkert: Det er ikkje lett for ei styringsgruppe – slik på frivillig basis – å ta på seg eit så stort arbeid på eiga hand. Då blir det nok viktig å ta tida til hjelp.

Reidun Mellem