Nord-Hålogaland bispedømmeråd må tåle fornyet kritikk for sin håndtering av saken knyttet til kvenske salmer. (Illustrasjonsfoto: Liisa Koivulehto)

 

 

«Og samstundes som kvensk salmekomité legges ned, tømmer bispekontoret så å seie Utvalg for kvensk kirkeliv for kvenar.» Leserinnlegg fra Reidun Mellem.

 

 

Reidun Mellem. (Foto: Privat)

Nord-Hålogaland bispedømmeråd seier dette i eit avisinnlegg nylig: «Kirken må lære av historien». Då er det bare å håpe at kjerka no begynner å gjøre nettopp dette – i staden for å undertrykke verdifulle kulturuttrykk. Dei har i allefall mange hendingar dei kunne ha lært av – om dei ville. Eg skal nemne nokre av dei som gjeld oss og landsdelen vår – altså Hålogaland/Nord-Hålogaland bispedømme:

I 1880 leier biskop Skaar an i stifting av Norsk Finne-Misjon. Eit viktig punkt i statuttane var dette: «Bekjempe Læstadianismen som Kirkens Fiende». Seinare skifta han riktignok syn og strauk då ut dette påbodet. Så nokre ord om prost Beronka i Vadsø. Han var sjøl kven – og arbeidde flittig for å få biblar og religiøs litteratur på finsk språk til kvenane. Sjøl ønska han å bruke kvensk språk i gudstjenestene sine, men det blei nekta. Han blei også etterforska på grunn av «svak nasjonal holdning». Og plutselig er han å finne i ei prestestilling nede på Austlandet! Blei han tvangsflytta? Ingen veit – ikkje eingong i dag.

I 1929 overtar Eivind Berggrav bispestolen her. Han var ivrig i fornorskingsarbeidet, som vi kan lese i boka «Den finske fare» av Eriksen/Niemi 1981. Han brukte prestane sine – og til dels også lærarane – i bispedømmet som rapportørar om mistenkelig verksemd i dei kvenske og finske miljøa. Etterretninga ramma òg dei læstadianske miljøa og dei finsktalande reisepredikantane som av og til besøkte området. Berggrav var også ein viktig informant til det leiande politiske miljøet i hovudstaden. Han såg det som viktig å skaffe norsk lesestoff til kvenane, og etter forhandlingar med redaktørane i Oslo så fikk han heile 150 abonnement av norske vekeblad som han sendte til familiar i grensebygdene mot Finland, etter «i diskresjon» å ha fått namnelister fra kontaktane sine. Ingen skulle vite kven avsendaren var. Kanskje var dette tiltaket litt for lite «kirkelig» for han? Men han skreiv slik til redaktørane: «Mine erfaringer går ut på at det er en nasjonal oppgave av rang De her er med på å løse».

I 1980-åra – etter demonstrasjonane i Alta – innsåg også kvenfolket at det no var livsviktig med organisering – først i enkelte bygder – så med stifting av hovudorganisasjonen Norske Kveners Forbund (NKF) – som kom i 1987. Myndigheitene avslo vår søknad om støtte til dette viktige arbeidet – og fra kjerka hørte vi ingenting. Den 10.12. 1997 prøvde vi å kontakte Norsk Kirkeråd. Samane hadde vore inviterte til kjerkemøtet for å fortelje om trakasseringa dei hadde opplevd. Vi roste tiltaket og tilbaud oss å komme for å fortelje om det vi hadde opplevd. Vi fikk aldri svar, endå purring blei sendt. I 2002 feira Nord-Hålogaland bispedømme 200årsjubileum med eit seminar. Eg kontakta bispekontoret på førehand og minte dei om at kvenane også måtte få plass i programmet. Dei gjennomførte 6 økter med foredrag, men kvenane var ikkje nemnt. Heller ikkje då Tromsdalskjerka i 2015 feira 50årsjubileum med festgudstjeneste. I alt 3 tekstar blei lest på samisk, men kvenane var ikkje nemnt. Ikkje her heller. Visst er det krenkande å oppleve at kjerka synes å meine at slike høgtider blir betre dersom kvenane ikkje får sleppe til.

No er det fleire kjerker som feirar ein kvenskprega gudstjeneste nærmaste søndagen til kvendagen den 16.mars – med tekstlesing også på finsk. Dersom noen har ein finsk bibel. Menigheitene i Nord-Hålogaland har fått den samiske bibelen i gave av bispekontoret, men altså ikkje den finske. Det er liksom ikkje så lett å huske på oss. Og i 2019 kom ny kjerkeordning ut på høring. Utvalg for kvensk kirkeliv blei ikkje kontakta. Her oppe blei mange forskrekka over manglande plass for kvenane, og fleire menighetsråd og institusjonar stilte krav om at kjerka no måtte opprette eit eige kvensk kjerkeråd, og dermed skaffe kvenane dei samme rettigheitene som samane hadde. Ingenting blei gjort. Men den 19.april 2019 sendte Kirkerådet melding til biskopen i Nord-Hålogaland om at utvikling av kvensk kjerkeliv no var overført hit. Krav: ein komite måtte utnemnes – med deltaking av kvenane sjøl. Dette er visst enno ikkje gjort, så langt eg veit. Så hastar det vel ikkje, då.

Og så til den siste store gaven fra bispekontor og bispedømmeråd: Den dyktige salmekomiteen vår, som i noen år har samla inn kvenske/læstadianske salmar – alle på to språk – var kommen så langt at heftet nærmast var ferdig til å trykkes. Og her skal ein ikkje skylde på mangel på kommunikasjon, for avtale om innhald og form var underskriven av begge partane på førehand, og økonomien kom fra Kommunaldepartementet. Likevel skjer dette: Fra bispekontoret kjem plutselig denne meldinga til salmekomiteen – heilt utan forvarsel – i gammal ovanfra og nedstil:

1. Takk for arbeidet. 2. Komiteen nedlegges. 3. Salmeheftet skal ikkje gis ut.

Så får dei vite at dette er eit «forarbeid» og at ny komite er i ferd med å etableres – «for å fullføre arbeidet», seier stiftsdirektøren. Fullføre eit arbeid som praktisk talt er ferdig? Skal kanskje innhaldet fornorskes? Bli muntrare og gladare – sidan det var ein anke mot dette heftet? Saka går igjennom i bispedømmerådet, som på svært tynt grunnlag går inn for bispekontorets forslag. Salmeheftet avvises. Den læstadianske salmeskatten duger ikkje for kjerkeleiinga i Nord-Hålogaland! Alldeles ufattelig! Og samstundes som kvensk salmekomité legges ned, tømmer bispekontoret så å seie Utvalg for kvensk kirkeliv for kvenar. Personar med høge stillinger i DNK settes inn i staden for kvenar. Kva slags kultur- og menneskesyn er dette?

Så innser bispedømmerådet at dette bar galt avstad. Det tjener til ros for dei at dei i ettertid forstod kva dei hadde vore med på – og kom saman til eit ekstraordinært møte den 16. juni – der dei snur om. Og no legg dei vinn på å lære av historia, seier dei. No skal dei vere tettare på menigheiter og grupperingar i kjerka – også med dei mest utsette og sårbare. Korvidt det er kvenane bispedømmerådet meiner skulle vere ekstra utsette og sårbare – det veit eg ikkje. Kvenane har aldri omtalt seg sjøl slik. Det vi har gjort gjennom lang tid – det er å kreve retten vår – den retten som alle borgarar i eit sivilisert samfunn har. Denne retten har hittil stort sett vore nekta og motarbeidd for kvenane, også i kjerkelige samanhengar. Vi ser fram til at det no blir ei tydelig endring på dette. Kva med å opprette eit eget kvensk kjerkeråd?

 

Reidun Mellem – tidlegare leiar i Norske Kveners Forbund