Styret i Noregs Mållag støtter ei oppgradering av kvensk språk fra nivå to til nivå tre i den Europeiske Minoritetsspråkspakta.
–Som den største språkorganisasjonen i landet, vil Noregs Mållag at også denne delen av språkmangfaldet i Noreg skal haldast i hevd. Brukarane av kvensk har gjennom tida vore utsette for ein knallhard fornorskingspolitikk. Det har gjort at språket i dag vert rekna som truga, skriv mållaget på sine heimesider.
–Ved å vedtaka ei nivåheving kan regjeringa bidra til å halda liv i det kvenske språket og gje ny kveik til det kvenske språksamfunnet. Brukarane av kvensk må også ha rett til å sjå språket sitt i bruk gjennom media, og få opplæring i språket sitt. Då vil kvensk få betre sjansar til å leva vidare som ein viktig del av språkmangfaldet i Noreg, skriv dei viare.
Trackbacks/Pingbacks