Forfatter Reidun Mellem. (Foto: Liisa Koivulehto)

 

 

Les om kvenen Johan Edvard Dalheim (1897 – 1981), portrettert av Reidun Mellem. Del 1.

 

 

Då han Per Larsen fra Elvevoll, søskenbarnet mitt, var i gang med å sette opp slektsliste, så var det viktig å søke bakover i generasjonane – i folketellingslister og kjerkebøker, og der ein plass fann han denne opplysninga – i samband med giftemål, seier han – det som før blei kalt for å ta ut lysing, som var offentlig kunngjøring om inngåing av ekteskap:

* Lars Johan Larsen, født 7. mai 1866 – kven

* Elen Margrete Johansdatter, født 21. mars 1873 – kven

Dette var foreldra hans far. Dei to gifta seg den 12. september 1892, og i Årboka for NordTroms 2013 har eg fortalt om korleis ein sjalu kar lenger inne i fjorden – til sist med kniv i handa – prøvde å hindre bestefar Lars i å dra på friarferd innover til ho Elen Margrete på Titingsnesset.

Og sikkert nok var det samme karen som eit halvår etterpå hadde sagd av dei høge, flotte stemnene på fembøringen hans bestefar natta før dei skulle segle utover til Lyngen-kjerka for å gifte seg. Men ein god nabo lånte han fembøringen sin, så dei slapp å fare på bryllupsferd i ein skamfert båt.

Far til bestefar heitte Lars Jakob og var sønn til ættefaren som kom fra Finland, han Jaako Olsen. Han er å finne i folketellingslista fra Skibotn i 1801. Han kom fra Kittilä og hadde ganske fort tatt seg eit norsk etternamn. Han hadde vel skjønt at det kunne vere lurt når han no skulle slå seg til her i landet.

Men han blei alltid kalt for Kittilän-Jaako eller storJaako. Sønnen Lars Jakob bygsla seinare ein forholdsvis stor eigedom inne i Storfjord og gav den namnet Elvevoll. Eigaren her var proprietær Wasmuth på Karnes i Lyngen.

Tidlig på 1900-tallet kjøpte bestefar Lars Johan denne eigedommen – med tilhørande utmarksslått oppe i dalen, ovafor Øvervatnet, og nede ved fjorden sette han så opp store bygg i tømmer – både fjøs og hus. Det gamle bolighuset i tømmer flytta han øvst opp på vollane sine til sommarfjøs for buskapen. Men han dreiv også fiske med åttring, seinare med skøyta «Ventura», som han eigde i lag med bror sin, han Peder Larsen.

Han igjen hadde slått seg ned inne på Balsfjord-eidet, der han hadde kjøpt seg eigedom. Fleire område med høgreist furuskog oppe i Elvevoll-lia viser enno i dag at han bestefar også var interessert i å plante barskog, og Landbruksselskapet heidra han med eit stort, innramma diplom som takk for det store jorddyrkingsarbeidet han hadde utført.

Barndom og ungdom

Familien vaks til med mange barn. Først kom ho Marianne, så ho Petra, og deretter eldstesønnen, han Johan Edvard. Han fikk namn etter far til mor si. Så kom to barn til – ho Anna og deretter yngstebarnet Olaf. Men dessverre så miste dei mor si så altfor tidlig. Ho døde i 1905. Då var han far bare 8 år gammal. Heldigvis hadde dei bestemora si enno ei tid – og dei snille tantene sine, men dei blei alle tre gift med gutar fra Ullsfjorden.

Dei hadde sikkert brukt den gamle friarvegen gjennom Langdalen fra Djupen i Ullsfjord over til Elvevoll i Storfjord. Historia seier at friargutane brukte fire timar fra sjø til sjø når dei drog ut, men at det nok kunne gå borti åtte timar når dei etter helga skulle heim igjen.

Dengongen var det slik at dersom ein barneflokk miste mor si, så blei dei gjerne sett bort til slektningar og kjenningar. Faren måtte drive med sitt, gjerne fiske på Lofoten og Finnmarka, og kunne derfor ikkje ta seg av barna og heimen. Men han bestefar hadde råd til å leige eit menneske til dette. Det blei ho Henrikke Svendsen fra Kjempedalen i Balsfjord, og ho blei seinare den neste kona hans. Og då kom det etter kvart ein ny barneflokk på fire.

På den tida hadde barna på Elvevoll ein ganske lang skoleveg. Ute på Storeng, vel tre km fra Elvevoll, var det sett opp eit lite skolebygg, og sidan riksvegen enno ikkje var kommen, så måtte barna gå stien langs fjæra. Det var greitt nok om hausten og våren, men om vinteren var det ikkje så enkelt, for då kunne det vere fare for snøskred fra brattfjellet på to plassar langs denne stien. Det var jo ikkje skole kvar dag på den tida, men barna hadde mange plikter å ivareta i heimen. For gutane var det vedhogging og vassbering som var dei daglige oppgavene, så steinplukking og potetsetting om våren, fire, fem veker med travel høyonn om sommaren, bærplukking, sauesanking og potetopptaking om hausten – og ikkje minst hjelpe til med slakting av kalvar, sauar og lam, noe som gjerne foregikk på første frossenmark. Om våren skulle vinterveden felles, og der var barnehendene med: kviste trea, flekke bork, lage neverteinar til vintersbruk. Gjødselkjellaren måtte tømmes, og der var gutane med på fylling av lass, kjøring, tømming av lassa på vollane og deretter få det spreidd dei utover. Enno eit viktig embete hadde dei: å sørge for at stiane mellom hus, fjøs, brønn, vedsjå og naust var i god stand vinteren igjennom.

Og gutane hadde gjerne også sin eigen aktivitet: lage hare- og rypesnarer av messingtråd og plassere dei på dei rette spora ute i skogen. Dette blei det gjerne ei lita fortjeneste av, for handelsmannen var interessert i å kjøpe både kjøtt og skinn. For røyskattene laga dei feller som blei plasserte rundt om i steinurene. Her var det vinterskinnet som gav inntekt. Snøspurvfellene var laga av hestetagl festa på ein planke og strødd med rikelig mengde av høyfrø. Ein annan planke blei dregen over småfuglane når dei kom dit. Og ikkje alle blei skremt vekk fort nok. Ein kar med revegård kjøpte slike for visstnok 1 øre stykket.

 

Dette var del 1 av portrettet, som fortsetter til høsten.