Frida Pernille Mikkelsen er leder for Norsk Målungdom. (Foto: Rebekka Hugøy Hovland/Norjan Kielinuoret)

 

I sin hilsen på den kvenske språkdagen tar Norsk Målungdom til orde for økt synlighet og mer kjennskap til språket.

 

Frida Pernille Mikkelsen, leiar i Norjan Kielinuoret

 

Det er ein dag for å sjå vidare og for å glede oss over det vi har. Vi har gått inn i året 2022 og kan endeleg sjå Norja bli brukt på riksgrensa. Eit viktig steg i riktig retning. Skal situasjonen for kvensk bli betre, må fleire ha kunnskap om språket. Eit verkemiddel er at språket blir meir synleg for alle.

Det står viktige kampar framføre oss. Opplæringslova er oppe til handsaming. Det er gjennom denne vi kan sikre fleire retten og høvet til å lære seg kvensk. Vi var glade for å sjå at departementet føreslo at alle med kvensk bakgrunn i grunnskulen i Troms og Finnmark skulle få rett til opplæring i språket, men dette bør også gjelde utanfor Troms og Finnmark.

Ei ny språklov slår fast statusen til kvensk språk, samt at offentlege organ har ansvar for å verne om og fremje språket. Det må skje i dialog med og på premissane til dykk som har ein kvensk identitet. Med denne lova i ryggen kan vi krevje endå meir i tida som kjem.

Norjan Kielinuoret gratulerer så mykje med den kvenske språkdagen!