Målungdommens leder Gunnhild Skjold. (Foto: Vespestad Steinsvåg/Norsk Målungdom)

 

Innlegg fra Norsk Målungdom/Norjan Kielinuoret, den største ungdomsorganisasjonen for språk i Norge. Målungdommen jobber for nynorsken, dialektene og språkmangfoldet.

 

Denne veka kom det fram at Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal greie ut om kvensk kan løftast til nivå III i minoritetsspråkpakta. Norsk Målungdom/Norjan Kielinuoret er glade for at regjeringa tar eit større ansvar for kvensk språk.

Staten har ansvar for å verne og fremme kvensk. For å sikre dette må kvensk bli heva til nivå 3. Dette kan gjere det lettare for fleire å lære og nytte kvensk.

Ei nivåheving kan sørge for at kommunane får tilskot til å utvikle skolemateriell, utdanne lærarar og drive kvenskopplæring i barnehagar og skolar. God kvenskopplærings er heilt sentral for å sikre framtida for det kvenske språket.

Noreg er, og har alltid vore, eit fleirspråkleg samfunn. Det må lovverket reflektere. Denne utgreiinga er eit lite skritt i riktig retning, som Norsk Målungdom har kravd i lang tid.. No håpar vi at dette fører til auka status for det kvenske språket.

 

Gunnhild Skjold, leiar i Norsk Målungdom/Norjan Kielinuoret