ILLUSTRASJONSFOTO. KUVA HEIDI NILIMA MONSEN
Lesarinnlegg av Gunnhild Skjold, nestleiar i Norsk Målungdom
Politikarane må ta ansvar for å styrke det kvenske språket, og det må dei gjere i samråd med kvenskbrukarane. Tidlegare i år lanserte regjeringa Målrettet plan 2017-2021 – videre innsats for kvensk språk. Planen inkluderer mellom anna ei satsing på kvensk i skolen. Det er bra at regjeringa legg fram ein målretta plan for å gjere det enklare å bli og vere kvenskbrukar.
For at det skal vere enklare å bli kvenskbrukar må elevar med kvensk bakgrunn ha rett til å få opplæring i kvensk. No har elevar med kvensk-finsk bakgrunn rett til å få opplæring i finsk, men Kunnskapsdepartementet vil endre lova slik at det er tydeleg at elevar kan velje å få opplæring i kvensk. I den målretta planen skriv regjeringa at dei dessutan vil gi betre informasjon om retten til opplæring i kvensk.
For at elevane skal få opplæring i kvensk, må det vere lærarar som kan undervise i kvensk. I den målretta planen løyver regjeringa pengar til ei kvensk lærarutdanning ved UiT Noregs arktiske universitet, og Kunnskapsdepartementet vil innføre ei desentralisert kompetanseutviklingsordning.
Dei kvenske organisasjonane har reagert på at planen ikkje inkluderer nok tiltak for å redde språket, og etterlyser ei større satsing på språkreir i barnehagen og fleire kvenske språksenter enn det eine dei har løyva pengar til å opprette. Norsk Målungdom meiner det er avgjerande at regjeringa samarbeider godt med kvenskbrukarane sjølv om å finne fleire og gode tiltak for å revitalisere det kvenske språket. Språk er ikkje snille med kvarandre, og språk med færre brukarar treng støtta dei kan få. Vi har ingen språk å miste!