Språkkafe under paaskifestivalen: Håkon Bråstad, Åse Braastad, Alf Braastad, Else Reiersen Gisvold og Aase Olsen kjente igjen mange av de kvenske terrengordene fra lokale stedsnavn.Her sammen med Katriina Pedersen. Illustrasjonsbilde / KUVA HEIDI NILIMA MONSEN

Språkrådet lyser ut 820 000 kroner i tilskudd til innsamling og registrering av stedsnavn.

Språkrådet skriver på sine hjemmesider at det er sett av 820 000 kroner i ei tilskottsordning for innsamling og registrering av stadnamn (kapittel 326 post 78). Kulturdepartementet har gitt Språkrådet i oppdrag å forvalte denne ordninga.

Innsatsområde for 2018

Tiltaket skal ha eit heilskapleg nasjonalt perspektiv. Austlandet, Sørlandet, Trøndelag, Troms og Finnmark er område som særleg treng meir namneinnsamling, men prosjekt som gjeld andre område, vil òg kunne få støtte.

Språklege kulturminne

Stadnamn er viktige språklege kulturminne. Det språkhistoriske, kulturhistoriske og busetjingshistoriske aspektet ved desse namna kastar lys over liv og virke i tidlegare tider. Dei fleste eldre stadnamn er overleverte munnleg frå den eine generasjonen til den neste. Endringane i busetjingsstrukturen og overgangen til maskinelle driftsformer i primærnæringane gjer at mange gamle stadnamn går ut av bruk. Kulturarven som desse namna representerer, står i fare for å gå tapt når dei siste som kjenner til og bruker namna, fell frå.

Namnebase

Formålet med tilskottsordninga er å bidra til å berge denne kulturarven ved å gi støtte til lokale aktørar som vil samle inn stadnamn. Innsamling og registrering skal samordnast, slik at namna kan bli tilgjengelege for flest mogleg. Det materialet som samlast inn, skal derfor leggjast inn i ein nasjonal namnebase som er under utvikling. Gjennom dette verktøyet kan namna leggjast direkte inn på elektroniske kart. Dei som registrerer og samlar inn stadnamn, skal kunne leggje inn opplysningar knytte til namnet, inkludert lydfiler med uttaleopplysningar og bilde av staden. Det blir lagt opp til at fagpersonar i ettertid skal kunne kvalitetssikre data og leggje til opplysningar, til dømes om den språklege tydinga av namna. Namnebasen skal kunne brukast både i vitskapleg samanheng og til å auke kunnskapen om stadnamn som immaterielle kulturminne.

Her finner du kriterier for tildeling av tilskudd og krav til innsamlingsarbeidet: http://www.sprakradet.no/Sprakarbeid/Stedsnavn/tilskuddsordning-for-innsamling-av-stedsnavn/

Søknadsfristen er 1. august 2018.